No kan du søke residens hjå Fjelldansen, regionalt kompetansesenter for dans, i FRIKAR SMIA. FRIKAR har bygd om gamle Aurdal skule til ein residensplass med storsal, lys rigg og overnatting i eit, omringa av sauejorder på sumartid og skiløype på vinterstid.
Frist: 15. mars 2019

FRIKAR ynskjer å oppmuntre kunstnarar til å vise sin tilknyting til naturen og verdsette inspirasjonen den gjev, og oppfordrar til at prosjektet relaterer seg til naturen på ein måte som kunstnarane finn naturleg og inspirerande. Residensen er støtta av Kulturrådet, Oppland fylkeskommune og Valdres natur og kulturpark.

Les meir om residens og søknad her