Foto: Mariell Øyre

Anna Einemo Frøysland Berit Einemo Frøysland Spil – ein studie i Wittgensteins språkspel

Kva vil det seie å kommunisere?
Spil er ei danseframsyning, ein utforsking i filosofen Ludwig Wittgensteins språkspel.

Anna og Berit fekk ideen etter å ha besøkt det nyleg attereiste Wittgensteins hus i Skjolden, der han i periodar var for å finne roa til å skrive og tenkje. Austerikaren reknast som ein av språkfilosofiens sine viktigaste bidragsytarar i det 20 århundret. Han såg på språk som ein form for praksis som han kalla språkspel. Me har teke praksisen inn i eit verk for scena, i ein duett der møtepunkta er i fokus: Møtepunkt som abstrakte samtalar, konkrete spel med dans, musikk og lys eller ei utflyting av grenser og reglar. Med desse verktøya ser me på ulike former å kommunisere på, både med publikum og mellom oss som tvillingar.

Opphaveleg tyder det gamle høgtyske ordet spil danserørsle. I denne framsyninga blir det å samtale å spele, og det å spele blir å danse.

Ein co-produksjon av Anna & Berit, 23/7 Scene og DOCK ART 



Medvirkende:
Berit Einemo Frøysland, Konsept, Koreograf, Utøver, Produsent
Anna Einemo Frøysland, Konsept, Koreograf, Utøver, Produsent
Jostein Avdem Fretland, Musikk
Matias Askvik, Scenografi
Janne-Camilla Lyster, Ytre øye
Dr. Fabian Goppelsröder, Akademisk rådgiving
Ingrid Haugen, Dramaturg
Ingrid Saltvik Faanes, Produsent


Vis tidligere forestillinger