Foto: Martin Rustad Johansen

Jonas Øren Eit fysisk foredrag om Forsythe

What else, besides the body, could physical thinking look like?"
William Forsythe

Både fysisk og verbalt presenterer dansekunstnaren Jonas Øren det koreogafiske- og metodiske arbeidet til ein av dei største koreografane frå etterkrigstida.

Øren illustrerer korleis kunstnarskapen til William Forsythe har vore med på å endre dansen, dansaren og vår lesing av dans, samt å utvide kva rørsle skal og kan bety. Hans dansariske og koreografiske tenking nærar lesing av arkitektur, rom, lys og levande og/eller rørlege objekt.

Publikum vil få eit innblikk i korleis han var og stadig er med på å endre retning og utvide begrep innanfor dans og klassisk ballett, koreografisk tenking, bruk av musikk, rom, lys og ikkje minst kroppen og moglegheitane som ligg i den.

BAKSNAKK er eit scenekunstfagleg program på Tou som tek sikte på å artikulere og utvikle språk rundt praksisar i scenekunstfeltet og kontekstualisere arbeida som presenterast. Programmet rommar kunstnar- og fagsamtalar, foredrag, seminar og dialogmøte.

Medvirkende:
Jonas Øren, Konsept, Utøver



DatoTidStedBilletter
08.11.20191400 Tou Scene, StavangerKlikk på sted  

Vis tidligere forestillinger