Mathilde Øverland Arbeidsvisning: Varmen kjem i jorda

Etter fleire år med øvingar og studioresidensar ynsjer me å ta med arbeidet vidare for filming, arbeidsvisning og samtale. Me inviterer difor interesserte og kollegaer til ope arbeidsvisning av varmen kjem i jorda.

Ring på i døra frå gata, me slepp inn frå ca 20 min før visningsstart.
Me viser eit strekk på omlag 50 minutt, før me saman drøfter innhaldet og potensialet.

varmen kjem i jorda er ei hyllest til dei organiske og langsomme prosessane, til det sirkulære,
ein hyllest til det stillferdige, nære, enkle og insisterande

syklusane og veksten
me hyllar hardingfela, klangen, flyten inn og ut av rytmar,
me hyllar skuldre, fingrar og knær

+ Les mer



Medvirkende:
Jon Brodal, Musiker
Mathilde Øverland, Danser


Vis tidligere forestillinger