TGO//4332 Your Guess Is As Good As Mine

I Your Guess Is As Good As Mine ynskjer TGO//4332 å ta deg med på ei reise gjennom dine eigne tankar, minner og refleksjonar. I framsyninga vil kompaniet presentere abstrakte bilete som kan gi frie assosiasjonar. Kanskje hugsar du noko du har gløymt, eller tenkjer ein heilt ny tanke? Målet er å laga eit formspråk inspirert av naturen som er sterkt, samstundes som det er ope. På denne måten ynskjer kompaniet å appellere til noko som ligg bortanfor, mellom linjene og bak orda. Noko som ligg utanfor kroppen og dei kjende formene. Noko vi kanskje ikkje forstår, men likevel dreg kjensel på.

TGO//4332 er eit nyoppstarta kompani, med ei kjerne av Liv Guri Østrem, Thomas Bruvik og Gunnar Innvær, som alle har røynsle frå ulike områder innen scenekunstfeltet. Dette er deira første framsyning kor dei sjølve trekk i alle trådane. Med seg på scena har dei dansekunstnarane Karen Eide Bøen og Lisa Bysheim. Framsyninga er støtta av Bergen Kommune og er co-produsert av Carte Blanche.



Medvirkende:
Thomas Bruvik, Konsept
Gunnar Innvær, Konsept
Liv Guri Østrem, Konsept
Karen Eide Bøen, Utøver
Lisa Colette Bysheim, Utøver


Vis tidligere forestillinger