FJALER

 

Våge skule
DANSEN SIN DAG!
Våge skule
29. april kl 1200
30. april kl 1200
Heile skulen (1. - 10. kl) øver inn dansen og framfører den på skuleplassen. Det vert to dagar slik at alle får vere med.

 

Dale Ungdomsla
TORSDAGSDANSEN
Straumsnes Grendahus.
30. april kl 2000
Ny i Fjaler eller nabolaget? Bli med! Fin trim og mykje moro. Alle er velkomne. Du treng ikkje vere ekspert. Her er støtt nybegynnarar, frå mange land. Bli med, lær nye dansar, øving. Treff nye folk, det går på engelsk og norsk. Kvar torsdag ein fest i Fjaler. Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir. Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro! Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen.
Fjaler.origo.no    

 

Dale Ungdomslag
FREDAGSDANSEN
Trudvang, ungdomshuset i Dale i Sunnfjord.
1. mai kl 2000
Dans i Trudvang. Fredagsdansen i Dale. Flott dansegolv i ungdomshuset. Dansemusikk: Trekkspelkameratane. Vi møblerer om til dansesal. Mange stolar og nokre småbord der folk kan sitte ned og ta seg ein pause. Men dansen går nesten i eitt. Annankvar dans er damenes. Så det er berre å stå på. Blir det for mykje og for travelt, så kan du lure deg ned trappa til kafeen. Kaffi og kringle, rømmegraut, mylse, spekemat …
Billetter: 150,-
Se facebookside

Fjaler
DANSENS DAGAR 2015
Dalstunet
2. mail kl 1200
I Fjaler har vi felles prosjekt i Dalstunet laurdagen kl 1200
Dette blir 2. mai. Alle kan delta. Det er bere å melde seg på.
Les mer

 

Tilbake