Treng du ord?
Dansens Dager feirar eit grenselaust språk. Dans handlar lite om å forstå eller misforstå, meir om å uttrykke og få inntrykk. Dansens Dager vil vise mangfaldet av danseuttrykk her til lands, og etterlate mange fleire inntrykk. Vi nordmenn har feira dans i 2500 år. Eit halvt millenium før det fyrste skriftsspråket kom til landet foreviga vi krukedansen med hellerristningar.

Vi veit ikkje om det då blei dansa til musikk. Men kroppens indre "timing" er den same, og på Dansens Dager kan vi sende ein tanke til forfedra våre som har vidareført dansegleda og rørslene til komande generasjonar. Vi er sjenka vår tid til å dele rommet dei dyrka dansen i. Lat oss styrke denne gåva med inspirasjon frå komande generasjonar som fordomslaust vil bidra med sin eigen personelege natur og energi i utvikling av ny dans.

Kunst er på eit vis spydspissen til sivilisasjonen, og gjer oss "overlegne" andre dyr. Men treng vi vente til vår eiga gravferd med å gå over i naturen? Dansens Dager feirar ei kunstform som brukar mennesket både som natur og kulturelt vesen. I ei tid der mennesket si manglande identifisering med naturen skapar kollektiv tvil, kan du og eg finne plassen vår i naturen gjennom dansen.

Når ordet får styre dansen, kan den felles dansegleda bli splitta i ekskluderande sjangrar. Eg er difor glad for at mange trendar i norsk scenekunst peikar fram mot ein meir integrerande dansescene uavhengig av sjanger, kultur og arena. Saman kan vi gjera Dansens Dager til ei feiring av dansen som eit grenselaust og inkluderande språk!