Anmeldt av Elin Høyland 16. november 2007
Forestillingsnavn: Polyfonia
Spillested: Black Box Teater / Showbox
Tekst/Regi/Konsept: Tore Vagn Lid, Transiteateret
Skuespillere: Tor Christian F. Bleikli, Mona Solhaug, Thea D. Fjørtoft Scenografi: Kyrre Bjørkås
Lyddesign: Thorolf Thuestad & Tore V. Lid (i samarbeid med Bek - Bergen senter for elektronisk kunst)
Lydteknikk: Thorolf Thuestad
Dramaturgiat: Fem avgangselever ved en ungdomsskole i Skien
Forestillingen ble vist i forlengelse av seminaret ”Ny barndom – ny scenekunst” som ble avholdt på Det Åpne Teater under Showbox, 13.november

Korleis går det egentlig?
For kva veit vi eigentleg om korleis dei unge har det? Og vil vi eigentleg vite det?
Det er tid for førestilling og regissør Tore Vagn Lid entrar scena for å legge fram si hypotese som er grunnlaget for det me skal bevitne. Det er med andre ord frå byrjinga lagt opp til at det er eksperimentet og forskinga sitt språk som skal bere oss inn i det han sjølv kallar ein krysseld av audiovisuelle element kor det du ser ikkje nødvendigvis svarer til det du høyrer, og det du lærer kanskje strider i mot det du føler. Ei ung jente overtek scena medan regissøren flytter opp til lydbordavdelinga øverst i amfiet, og inntek ein omnipotent og uangripeleg big brother - posisjon. Jeg kan ikke fortelle én historie, seier stemma, lydsporet, som kanskje tilhøyrer jenta som no står og skriv med ein anspent peikefinger på ei usynlig glasrute vendt mot publikum. Me høyrer lyden av gnikking på glass, og den unge stemmen som understreker at hennar eg er flere historier, og at orda, songane og stadene me skal dra til er hennar, men at ho håper dei og kunne ha vore våre. Det skal vise seg å bli til ein invitasjon inn i ei krigssone av kald, men hudlaus sårbarhet. Inn i eit univers kor kvart forsøk på å feste seg sjølv rundt eit sjølv blir brutt i møte med ei verd av motstridande stemmer.
Realistisk krysseld
-Det som var sant er ikke nødvendigvis sant, påpeika regissør Tore Vagn Lid, via kultur- og kunstfilosofen Theodor Adorno, frå talarstolen på det Åpne Teater, der han fortalde om sitt arbeid med Polyfonia-prosjektet. Studia av ungdommens musikk-kultur blei for han ein inngang for å teste kollisjonar mellom forskjellige samfunnsstemmer og historiar, noko førestillinga som audiovisuelt høyrespel underbyggjer til fulle. Det er og nettopp i møtet mellom visuelle situasjonstablå og eit lydbilde som kommanderer, instruerer, trøyster og lokker aktørane til ulike aksjonar, at bildet av ein brennande realistisk kulturell krysseldsituasjon oppstår. Lynskarpt akkompagnert av pop-musikalske innslag, eit eige slør, eit eige rom av emosjonar og stemmer som kan bere den unge, og publikum med, inn og ut av opprivande tilstandar som aldri får svar eller kvile.

Kritisk erfaringsrom
Polyfonia-prosjektet er og ei tydeleg vidareføring av Vagn Lids kontinuerlege utforsking av musikaliteten sin plass i teateret, og ikkje minst muligheita for å bruke teateret som eit eksperimenterande og kritisk erfaringsrom. Vagn Lid har utforska desse tilhøva i nær tilknytting til Bertolt Brechts teaterteori- og praksis, noko som kom til sin fulle rett under oppsetjinga av Brechts lærestykke, Die Maßnahme. Det interessante her er korleis nettopp lærestykkets estetikk og fleirstemte scenespråk gjennom barne- og ungdomsteaterets intensjonar om reell kommunikasjon på tvers av språkverdenar, kanskje kjem endå nærare sin rette form. Polyfonia evner iallefall slik eg ser det å fortelle oss noko som er sant, nettopp i kraft av å vise at det som var sant, ikkje nødvendigvis er sant, og at det som var dramtisk, ikkje nødvendigvis er det, for å bruke Vagn Lids eigne ord i høve til både kulturelle tilstandar og teaterspråk. Styrken i førestillinga ligg og i at den fanger slike eksistensielle spørsmål i alt sitt blodige alvor, på ungdommens premissar, men med ein openhet i forma som ikkje utelukker at det handlar om eit universelt menneskeleg ønskje: Å prøve å leve opp til dei krav som stilles i spelet mellom sjølvutvikling og det som oppleves som den rådande samfunnskulturen til ei kvar tid.
Dobbeltkomunikasjonens nøtt er uansett ikkje lett å knekke, verken for barn eller vaksen.
Du kan kommentere anmeldelsen her: www2.scenekunst.no/artikkel_4125.nml